| Listene til partia: Arbeidarpartiet – Høgre – Samlingslista – Senterpartiet På denne sida kan du som politikar og veljar i Hyllestad legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Hyllestad på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her. Godt val!
Då er valkampen over for denne gang. Berre dommen står att, i morgon skal. innbyggjarane i Hyllestad gje si stemme til kandidatane som har stilt seg til disposisjon for kommunen sine innbyggjarar. Valkampen har vore open, og prega av gjensidig respekt og ein gjennomgåande god tone. For oss på Samlingslista har det vore ein lærerik og spennande valkamp, med mange gode opplevingar saman med kvarandre og innbyggjarar i kommunen. Vi starta valkampen med eit løfte; vi skulle drive ein valkamp med fokus på eigne saker, og blotta for angrep på dei andre listene. Det løftet har vi helde, det kan nok dei andre listekandidatane skrive under på. Eit tiltak som vi har drege i gang sjølv er temamøter med dei ulike etatane i kommunen. Vi ynskte å møte etatleiarar i ei opa og uformell ramme med fokus på kunnskap, læring og dialog. Vi har blitt møtt med positive svar frå dei vi har utfordra, og valde å halde møta opne for alle. Desse møta har vore enormt lærerike, og vi har lært administrasjonen å kjenne på ein fin og god måte. Spesielt gledeleg er det at representantar frå alle dei andre listene har stilt opp på desse møta – det må vere godt samarbeid i praksis, og love godt for neste periode! ER DEI IKKJE SAME ULLA ALLE?Nei, dei er ikkje det. Valprogramma har mykje av det felles stoffet, men her er skilnader. Og personane på dei ulike listene er forskjellige. I einskilde høve bør ein og merke seg kva ein ikkje seier noko om. Val er og eit spørsmål om tillit til at personane ein røystar på vil gjennomføre partiet sitt program på lokalnivå, fylkesnivå og riksnivå. Det er ikkje ekstremistar på venstre- og høgresida som i dag er største trugsmålet mot demokratiet. Ei låg valdeltaking er med på å truge folkestyret innanfrå. Senterpartiet vil ha folk i husa. Dersom det vert fritt fram for å ta over gardsbruk og bustadhus for å nytte dei som fritidseigedomar, vil folketalsnedgangen i Hyllestad skyte fart. I Hyllestad har me plass for fleire fritidshus. Men reduksjon i folketalet vil medføre reduserte inntekter, og tenestenivået vert ringare. Dermed vil ikkje Hyllestad lenger vere ein like attraktiv kommune å bu i, korkje for ung eller gammal. Dette ser partia ulikt på Ein kommune – eitt folk!
I år har Hyllestad feira 150 som eigen kommune. Dette har vore, og vil bli markert ut over året. I tillegg har ein kommunalt nedsett komité arbeida fram ei hovudfeiring, som vart ein stor folkefest for innbyggjarane. Ein kan sei mykje fint om denne feiringa, men det viktigaste elementet for at dette vart ein suksess var utan tvil den store frivillige innsatsen. Svært mange Hyllestadingar har lagt ned mange arbeidstimar for å bidra til at feiringa skulle bli så god som mogeleg. Spesielt gledeleg var det at innbyggjarar frå inst til ytst i kommunen jobba saman for eit felles arrangement. Dette kan i utgangspunktet høyrest sjølvsagt ut, men i Hyllestad har ikkje historia synt at ein alltid har samarbeidd på tvers av bygdene i kommunen. Den interesserte vil heller ikkje slite med å finne døme på bygdestrid utøvd gjennom kommunestyra framover. Heldigvis er trenden annleis no. Bygdestridane er i stor grad utviska for dei fleste Hyllestadingar. Dette er bra, og heilt naudsynt for at kommunen skal kunne utvikle seg til å snu dei negative trendane som har utvikla seg. Spesielt fråflyttingstrenden må snuast til det motsette dersom ein skal vere rusta til å møte dei andre utfordringane kommunen står ovanfor i tida som ligg framom oss. Glad I HyllestadHyllestad Høgre har dei siste fire åra sammarbeida med Sp og KrF og har i den perioden fått Hyllestad Kommune ut av ROBEK Hyllestad høgre vil jobbe hardt for. Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane. Medvind til HAFSDet blæs ein medvind for næringslivet langs kysten og det neste 10-året er spådd som kystens gullår. I HAFS er det stigande optimisme, bedriftene har stor aktivitet og nøkkelbedrifter som Elis, Havyard, Wergeland Halsvik og Firda Sjøfarmer leverer rekordresultat. Samferdsle i Hyllestad
Hyllestad vert i mange samanhengar omtala som ein utkant. Frå mange perspektiv vil nok dette vere riktig, men mange av oss som bur her er langt på veg nøgd med den geografiske plasseringa. Både Bergen og Førde er innan rimeleg avstand, og derfrå er det kort veg vidare ut i verda. I tillegg har vi gode båtruter i dei fleste retningar. Kombinasjonen av dette er kommunikasjon som vi kan leve godt med. Når vi i tillegg veit at fleire strekningar på E39 nordover er planlagt utbetra, samt at Dalsfjordbrua knyt oss saman med Askvoll, så har vi ein del å gle oss over. Det betyr ikkje at vi er i mål. Lutelandet, det eldste og mest omtalte industrieventyret i vår region, vert ein realitet. Spørsmålet er ikkje lenger om, men når og i kva omfang. Uansett vil aktiviteten generere trafikk, både i form av gods på veg, og i form at persontransport. Samlingslista meiner at den naturlege tilkomsten for Lutelandet er gjennom aksen Lavik – Leirvik – Hyllestad – Lutelandet, på fylkesveg 607. Strekninga frå Lavik til Leirvik er frå før tungt belasta av tungtransport til Havyard. I tillegg er dette den naturlege vegen nordover for innbyggjarane i Solund og Gulen. På toppen er det, ved ei betring av standarden, Dalsfjordingane sin veg til sørover. Difor meiner vi at opprustinga av denne vegen bør løftast opp, først internt i HAFS, men også vidare. Vi ynskjer å starte i aust, og utarbeide ein heilskapsplan for å på sikt ha gul midtstripe på heile denne strekninga. Fylkesbåtane (Fjord1)Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen! Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane. Eit spesielt viktig val i Hyllestad!
Valkampen er over oss, og for mange kan delar av denne synest noko fjern. Eit lokalval handlar som kjent om representantar til kommunestyret, og samstundes skal ein velje nytt fylkesting. Likevel er det dei store, nasjonale aktørane som er mest synlege i det daglege mediebiletet. Det vert snakka om ein ny måte å drive valkamp på etter angrepet på demokratiet den 22. juli. Vi i Samlingslista ynskjer å gjere vår lokale variant av dette. Vår valkamp vil ikkje innehalde noko form for angrep eller skulding mot dei andre listene i kommunen. Enkelte vil nok hevde at dette vil skoddelegge det politiske landskapet, men det er vi usamde i. Vi ynskjer å dyrke den felles interessa alle listedeltakarane har for å arbeide saman for eit betre Hyllestad i framtida. Det er etter vårt syn den aller viktigaste oppgåve vi har som politisk aktive i Hyllestad, uavhengig av parti. Hyllestad - ein stolt jubilant!
Hyllestad kommune fyller 150 år i 2011. Dette skal feirast med ulike markeringar ut over året, ei storfeiring den andre juli, og gjennom ei eiga bok. Samstundes går debatten om kommunesamanslåing – er Hyllestad som eigen kommune liv laga? Dei økonomiske ressursane er knappe, innbyggjartalet går nedover og det vert stadig vanskelegare å rekruttere til offentlege stillingar. Dette gjeld ikkje berre Hyllestad, naboane våre lir i varierande grad same skjebne. Partileiar i Hyllestad AP, Finn B. Førsund ynskjer at staten utøver makt mot stridige kommunar. Sjølv SP-ordførar Bråstad er no open om at hans syn er større kommunar. Ber det berre ein veg? Les resten!Ta grep om valkampen i Firda
I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir. Les meirVal 2011 Hyllestad
Følges av 27 medlemmer.
Val 2011 Hyllestad er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Hyllestad. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen Val 2011 Hyllestad er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||